Frå idé til ferdig historie
Solfure Content Studio er eit kreativt innhaldsstudio som jobbar med foto, film, sosiale medium, kommunikasjon og historieforteljing for merkevarer, reiseliv og destinasjonar.
Sidan oppstarten har eg fått jobbe med alt frå langsiktige samarbeid og store prosjekt til enkeltståande produksjonar, kampanjar og kommersielle samarbeid. Felles for oppdraga er ønsket om å finne den gode historia – og skape innhald som får menneske til å stoppe opp, kjenne noko og bli nysgjerrige på meir.
Gjennom Solfure Content Studio kan eg vere med gjennom heile prosessen – frå idé, strategi og konsept til foto, film, tekst, publisering og ferdig innhald.
Blant dei langsiktige samarbeidspartnarane mine er Renault Norge, som har vore kunde sidan 2020. I 2025 hadde eg ansvaret for media og kommunikasjon fram mot VM i vektløfting i Førde, og i dag jobbar eg mellom anna med strategi, innhald og sosiale medium for Hurtigruten Svalbard.
Men ikkje alle prosjekt treng å vere store. Eg tek også på meg mindre produksjonar, foto- og filmoppdrag, influensar- og ambassadørsamarbeid, og held kurs, foredrag og workshops innan foto, innhald og sosiale medium.
Har du ei historie, ein stad eller ei merkevare som fortener å bli sett? Då vil eg gjerne høyre om den.
Sosiale Media & strategi
Frå innhaldsplan og historieforteljing til løpande innhaldsproduksjon og drift av kanalar.
Utvalde prosjekt
Gjennom Solfure Content Studio har eg fått jobbe med alt frå langsiktige merkevaresamarbeid og strategisk kommunikasjon til foto, film, kampanjar og destinasjonsinnhald.
Her har eg samla nokre utvalde prosjekt som viser breidda i det eg jobbar med – og korleis ulike oppdrag kan løysast frå idé og strategi til ferdig innhald.