Hei, eg heiter Sol!
Velkommen til mitt kreative univers!
Eg er fotograf, innhaldsprodusent og historieforteljar, og driv Solfure Content Studio. Sidan 2020 har eg jobba fulltid med å skape innhald som inspirerer, engasjerer og får menneske til å stoppe opp.
I dag jobbar eg først og fremst med reiseliv, destinasjonar, hotell, opplevingar og merkevarer som ønskjer å fortelje historia si på ein sterkare og meir visuelt engasjerande måte. Eg produserer foto, film, tekst og innhald til sosiale medium – anten som enkeltproduksjonar eller som del av ein større innhalds- og marknadsføringsstrategi.
Reise, natur og opplevingar står hjartet mitt nær, og mykje av arbeidet mitt skjer ute på vegen – frå fjell og fjordar på Vestlandet til hotell, destinasjonar og opplevingar rundt om i verda.
For meg handlar godt innhald om meir enn vakre bilete. Det handlar om å finne historia, skape ei kjensle og formidle noko som gjer at menneske får lyst til å oppleve, besøke, bestille eller bli ein del av det merkevara står for.
Gjennom Solfure Content Studio kombinerer eg kreativitet med strategi og hjelper kundane mine med å skape innhald som både ser godt ut og har ein jobb å gjere.
Velkommen inn i mi verd – kanskje skaper vi den neste historia saman?