På Blåisen: Ei Oppleving på Haugabreen
Å gå på blåisen på Haugabreen i Jølster er ei oppleving som sit i både kropp og sjel. For dei som lengtar etter eventyr i den norske naturen, er dette ein tur som vil imponere med spektakulære syn, frisk luft, og ei nærkontakt med breen som er vanskeleg å finne andre stader.
Turbeskrivelse frå Stardalen
Turen startar ved parkeringsplassen i Stardalen, som ligg om lag 450 meter over havet. Frå Jølster følgjer du Fv 451 til du kjem til Stardalen. Her er det skilta godt, og du finn lett fram til parkeringsplassen. På sommaren kan det vere fullt på parkeringsplassen, så samkøyr gjerne om de er fleire.
Allereie ved starten av turen kan ein kjenne at dette blir noko heilt spesielt. Området rundt er omkransa av majestetiske fjell og frodig vestlandsnatur.
Frå parkeringsplassen går stien innover dalen, og ein følgjer godt merka stiar mot Haugabreen. Stien er forholdsvis bratt til å byrje med, men roar seg litt når ein kjem opp på høgdene. Etter ein time eller to, avhengig av tempo, vil du sjå breen som ligg der som eit blått monument mot himmelen.
Når du nærmar deg brekanten, endrar landskapet seg til stein og is. Her blir det naudsynt med riktig utstyr og forsiktig framferd. Å gå på breen krev at ein har stegjern, og det er òg viktig med ein trygg guide. Breen kan vere lunefull, med sprekkar og skjulte farar, så better safe than sorry her!
Kva bør ein pakke med seg?
Ein tur til Haugabreen krev godt planlagt pakking, spesielt sidan veret i fjellet kan skifte fort. Her er nokre ting som er lurt å ha i sekken:
- Gode sko: Fjellsko som gir god støtte til anklane er essensielt. Dei må òg vere vanntette, sidan det kan vere vått rundt breen.
- Varme klede: Lag-på-lag-prinsippet er smart. Start med ull innerst, og ha eit vindtett lag ytterst. Ta med lue,buff og hanskar sjølv om det er varmt når du startar – temperaturen kan falle ved breen. Ei stor dunjakke er også gull å ha med!
- Mat og drikke: Energirik niste, drikke og gjerne ein termos med varmt vatn.
- Stegjern, hjelm, tau og isøks: For å gå trygt på breen er dette naudsynt utstyr. Dersom du ikkje har eigen erfaring, bør du bli med ein guide som har nødvendig utstyr og kunnskap.
- Solbriller og solkrem: Sola kan vere sterk på isen, og refleksjonane frå snø og is kan gjere at du lett blir solbrend.
- Førstehjelpsutstyr: Eit lite førstehjelpskit er alltid lurt å ha med på fjellturar, i tilfelle det skjer eit uhell.