Ei stille perle
Allereie då vi svinga ned den siste grusvegen mot Torvika Seaview, visste eg at dette kom til å bli noko heilt spesielt. Dei arkitektteikna hyttene ligg som stilreine perler heilt ute ved havet på Leinøy, med panoramavindauge mot fjell, fjord og himmel. Her har ein klart å kombinere design og komfort med ei nesten audmjuk respekt for naturen rundt. Ingenting skrik etter merksemd – alt berre er. I møte med stillheita og lyset her ute, er det som om kroppen sjølv slår seg over i roleg modus. Du senkar tempoet utan å tenke over det.
Oss to
Eg var her saman med dottera mi. Eit par dagar berre vi to, med plass til å puste, prate og le utan forstyrringar. Det første som slo oss då vi kom fram, var kor nært alt kjennest. Lyden av bølgjene, vinden som ruska i graset utanfor, fuglekvitter og sol gjennom havdis – alt var rett utanfor døra. Her treng du ikkje leite etter naturen. Du er midt i han.
Runde Fyr
Neste dag gjorde vi oss klare for tur til Runde fyr. Vi hadde håpa på utsikt, havblikk og kanskje ein lundefugl eller to – men blei møtt av eit tett skoddeteppe som låg tungt over landskapet. Men vi valde å gå likevel. Og det skulle vise seg å bli ein av dei kjekkaste turane vi har hatt. For det er noko eige med å gå i skodde – du kjenner deg skjerpa, i eitt med landskapet, og latteren sit ekstra laust når verda rundt blir så liten. Vi kom heilt fram til fyret, tok ein pust i bakken, og lo av kor typisk dette er oss. På veg tilbake bada vi i havet. Det var kaldt og klart og heilt fantastisk. Som om sjøen tok imot alt det kvardagslege og leverte oss tilbake – oppfriska og frie.
Tapas på golvet
Vel tilbake i hytta laga vi tapas av det vi hadde – ost, skinke, bær, oliven, druer. Vi bretta ut det store ullteppet eg alltid har i bilen, og dekka til middag på golvet. Å sitje der, barføtt med sola i ryggen, og ete saman med ho eg har kjent heile hennar liv – det var magisk. Det minna meg om då ho var lita, og alt kunne bli eit eventyr. Å ete på golvet gjer noko med samtalene, med blikket, med stemninga. Alt kjem litt nærare.
God natt min skatt!
Om natta sov vi som steinar. Hyttene i Torvika er små underverk i seg sjølv – du føler deg som i eit telt, tett på elementa, men med luksusen som gjer at du verkeleg kan slappe av. Ei god seng, varm dusj, lita kjøkkenkrok, og akkurat nok plass til å pakke ut utan kaos. Ute dansa fargane over himmelen, og inne låg vi og kjende på kor godt det er å vere aleine saman.
Dette blei to døgn vi vil hugse lenge. Eit lite avbrekk, men med stor verdi. I Torvika Seaview fann vi tilbake til det enkle – og det viktige.
Vi kjem garantert igjen.
Takk for oss!