Skal - skal ikkje?
Når du treng ei pause frå kvardagen og lengtar etter sol, sjø og eventyr, er det få stader som slår Florida. Clearwater Beach er omtalt som ei av USAs vakraste strender, og då eg vart invitert på pressetur hit med 3 andre influensere frå Europa, var det ikkje vanskelig å takke ja. Eg byttar gjerne kalde og våte februardagar i Norge med med sol, avslapping og spenning i Florida! I dette innlegget deler eg opplevingane frå vår uforgløymelege tur, med tips til dei beste aktivitetane og dei skjulte perlene som gjorde denne turen til noko heilt spesielt.
polske Dorota Urbaniak, meg sjæl, engelske Alex Outhwaite og irske Tara Povey.
Hotell i særklasse!
Vi sjekka inn på The Hiatus Clearwater Beach, Curio Collection by Hilton – eit moderne og elegant hotell midt i hjartet av Clearwater Beach. Her fekk vi nyte stilfulle rom, herleg bassengområde og kort veg til både strand og restaurantar. Perfekt base for avslapping og opplevingar ved ein av dei vakraste strendene i Florida!
Ei av verdens beste strender? Jatakk!
Morgenyoga på Clearwater beach var første aktivitet av mange dei neste dagane. Ein deilig time med strekk og tøy med ein dyktig instruktør som drog ein spøk på dei rette plassane. Høgdepunktet var kanskje då vi vart oppmerksom på delfinane som dansa langs piren der ute. Ein veldig fin naturoppleving og ikkje minst deilig start på dagen. Det vart også tid til eit bad, avslapping og sjølvsagt eit ekte Baywatch-bilde! Badevakta spurte om han kunne få tilsendt bildet i etterkant, men eg "glømte" dessverre å få epostadressa hans, hehe! Kan jo hende han kjem over bloggen min? Vel tilbake på hotellet venta deilig avocadosandwitch og appelsinjuice. Så gjorde vi oss klare for ny aktivitet.
Pris på yoga: 25 USD: Instagram: @clearwaterbeachyoga
Byvandring og digg iskrem!
Dunedin, ein sjarmerande kystby i Florida, byr på ei unik blanding av småbyidyll og aktiv livsstil. Midt i sentrum finn du Pinellas Trail – ein 75 kilometer lang, asfaltert sti som strekkjer seg frå Tarpon Springs i nord til St. Petersburg i sør. Denne tidlegare jernbanelinja er i dag eit populært tilhaldsstad for syklistar, turgåarar og joggarar, og går rett gjennom hjartet av Dunedin .
Langs stien i Dunedin finn du lokale bryggeri, kafear og småbutikkar som gjer det lett å ta ein pause og nyte atmosfæren. Pinellas Trail er ikkje berre ein flott måte å oppleve naturen på, men også ein sosial møteplass der både fastbuande og besøkande samlast. Med enkel tilgang til nærliggjande attraksjonar som Honeymoon Island og Caladesi Island State Park, er Dunedin eit perfekt utgangspunkt for deg som ønskjer å kombinere sykling, strandliv og lokal kultur.
Mohito like a Pro!
Å lage gode drinker er ein kunst, og den får du lære om du booker ein workshop hos Sonder Social Club – ein elegant og avslappa cocktailbar som har blitt ein favoritt blant både lokalbefolkninga og besøkande. Plassert i det livlege Artisan District, tilbyr denne baren ein unik kombinasjon av sofistikerte drinkar og smakfulle smårettar i ein stilig atmosfære.
Om du ikkje vil lage drinkane sjølv, kan du nyte kreative cocktailar som den friske I Buy Myself Flowers, ein urtebasert drink med smak av hylleblomst og rosevatn, laga av dyktige bartendere. Baren har også daglege happy hour-tilbod som gjer det ekstra freistande å stikke innom.
Menyen er utvikla av den prisvinnande kokken Christopher Artrip, som har skapt rettar som den populære White Truffle Cauliflower Pizza og lette smårettar som hummus og ceviche.
Instagram: @sonder_social_club
Flytende Tipibar og ikonisk solnedgang
Vi fekk også oppleve Clearwater frå eit unikt perspektiv med Crusin’ Tikis Clearwater! Her fekk vi ein uforgløymeleg tur om bord i ein flytande tiki-bar! Råkult konsept, og her vart det meget god stemning ut over kvelden! Baren har eigen kaptein, men drikke må du ta med sjølv. Husk ekstra jakke, eller ein varm genser - det kan vere kald trekk på sjøen, sjølv om det er aldri så varmt på land.
Pris 70 USD - Instagram: @cruisintikisclearwater
200 km/t i Pace car!
Eg vann stein-saks-papir – og premien? Ein vill tur i over 200 km/t som passasjer i ein pace car, med ei råtøff, norsk kvinne bak rattet! Det skjedde under opninga av 2025 Firestone Grand Prix of St. Petersburg – starten på IndyCar-sesongen i Nord-Amerika. I fire dagar vart gatene i sentrum av St. Pete forvandla til ein 1,8 miles lang racerbane med 14 svingar, og rundt 200 000 publikummarar fekk oppleve fart, fest og feiring frå morgon til kveld.
Løpet markerer det 21. året på rad med Grand Prix i St. Petersburg, og kickstarta moroa med ein storslått fest torsdag 27. februar. Dette er motorsport i verdsklasse, med internasjonal merksemd, TV-sendingar på Fox Sports – og ein uventa dose adrenalin for ein heldig nordmann med flaks i stein-saks-papir!
Vil du sjå film av bilturen? Den finn du her
Glaskunst på høgt nivå!
Eg har laga ein gresskarfigur i glas – og nesten ingen trur på at det var eg som laga han! Men det er det altså. Under eit glasblåsingskurs hos Morean Glass Studio i St. Petersburg fekk eg prøve meg som glaskunstnar for ein dag, og resultatet blei eit stilig, oransje gresskar som no står stolt heime i gangen, så alle som kjem på besøk kan rose meg for glaskunsten min. Hemmeligheten er at denne var suuuperenkel å lage, med kyndig veileding frå instruktørane i glasblåseriet, men FOR ei meistringskjensle!
Instagram: @moreanartscenter
Pris: 90 USD
Glasskunstnaren Dale Chihuly sa ein gong: «Eg har aldri møtt ein farge eg ikkje likte.» Det er ein setning som oppsummerer livet til denne verdskjende kunstnaren, som har vore prega av sterke fargar og fantastiske glas-skulpturar. Du kan sjå verka hans i Chihuly-samlinga i sentrum av St. Pete, i ein bygning som er spesialdesigna for å huse kunsten hans. Om du får sjansen, besøk gjerne både Morean Arts Centre og den magiske Chihuly-samlinga før du prøver deg i studioet. Her kan du drøyme deg bort i det som minte meg om ein kombinasjon av Disneys Ariels og Alice in Wonderland.
Instagram: @chihulystpete
Pris: 20 USD
Sølvsmed for nokre timar!
Hos The Brass Dagger fekk eg prøve meg som ekte sølvsmed for ein dag! Frå start til slutt fekk eg lage mitt eige smykke – eg målte storleik, saga, lodda, hamra og polerte, alt med kyndig hjelp frå profesjonelle sølvsmedar. Å skape eit personleg smykke med eigne hender var både utfordrande og utruleg givande, og no har eg eit heilt unikt minne som eg alltid kjem til å ta vare på. Dette var veldig kjekt!
Instagram: @thebrassdagger
Pris: 125 USD
Soloppgang ved marinaen
Dei siste to nettene budde vi på SkyBeach Hotel and Marina. Hotellet ligg heilt nede ved havet og har ei avslappa og innbydande atmosfære. Romma var lyse og fine, og frå terrassen kunne vi nyte magiske solnedgangar over marinaen. Det var kort veg til både strandliv og båtturar, og heile opplevinga var ein perfekt kombinasjon av ro og eventyr ved sjøen.
Takk for no, Florida!
Florida har vist seg å vere den perfekte destinasjonen for ei uforgløymeleg jentetur. Med sine flotte strender, spennande aktivitetar og fantastisk mat, har kvar einaste dag vore ein ny oppleving. Eg har fått nye minner som eg ber meg med i lang tid framover, og eg kan ikkje vente med å dra tilbake. Takk til Visit St Pete Clearwater for ei reise som heilt klart lever vidare i hjartet mitt!
Instagram - @VisitSPC
Facebook - Visit St. Pete-Clearwater
X - VisitSPC
YouTube - Visit St. Pete-Clearwater
Pinterest - VisitSPC