Real heroes doesnt wear capes - they wear ropes


Det er vanskelig å skryte av eiga klatrebragd utan å først hylle dei virkelege heltane, nemleg guidane. Kvelden før vi skulle klatre Romsdalshornet var det uvær i Åndalsnes. På VG kunne vi lese at 3 klatrere sat fast i fjellet, to av dei på toppen, den tredje 70 meter under. Vi la oss til sengs og høyrde regnet piske mot rutene, vel vitande om dei tre som sat og fraus i fjellet. Helikopter og alpin redningsgruppe må vente til dagslys med å ta seg opp, slik er det berre. Eg bad ei stille bøn og lukka auga.


Dei tre vart redda ut i 5 tida på morgonen, og vi møtte våre guider frå Bre og Fjell klokka 0700. Det var naturleg å snakke om redningsaksjonen om risikoen det er med klatring. Thor Espen fortalte at han var ein av dei som var med å redde ut paret som gjekk seg faste på Store Skagastølstind i sommar. Paret hadde lagt i frå seg både klede og utstyr og var tynt kledde for uveret som råka, og dei sat fast heile natta på godt over 2000 meters høgde. Då redningsgruppa kom fram var det viktig å gjere alt rett, då paret var kraftig nedkjølte. Det gjekk bra, heldigvis.

Trygghet i fjellet


Eg kjenner på ein audmjukhet og respekt for mennesker som har stor kunnskap om det å bevege seg trygt i fjellet og guide turistar som meg. Men respekten er enda større når dei set eige liv og helse på spill for å hjelpe andre. Alle kan vere uheldige i fjellet, men på slike turer som dette er det "better safe than sorry" som gjeld. Leig ein guide om du skal på slike turar, det gjer opplevinga 100% betre og 100% tryggare!

Thor Espen Fugelsøy - trygg og stødig!

Alex Kudinoff - svensk lokalguide som kjenner fjellet ut og inn.

Nordveggen


Det er to ruter opp til Romsdalshorn, Halls Renne og Nordveggen. Halls er enklere og gir meir klatring, mens Nordveggen er noko meir luftig. Vi gjekk Nordveggen. Turen starta Vengedalen og gjekk opp på Litlfjellet kor vi fekk fantastisk utsikt over Romsdalen, så vidare opp til gapet kor klatringa begynte. Herfra var det litt over 200 høgdemeter med klatring til toppen av Hornet. 

Luftig morro


Klatreetappen består av 6 taulengder med klatring fra 2-4 i gradering. Ikkje spesielt vanskelig, men du skal tåle høder godt, for dette er luftige greier! Det er lurt å ha med seg ei tørr ulltrøye og skifte før klatringa begynner, for vi var godt gjennomsvette då vi kom til dette punktet. Buff og hansker var også gull å ha med i sekken.

På toppen!


Det er SJUKT deilig å nå eit mål som ein har visualisert i mange år. Toppen av Romsdalshorn har lågge der framme og venta på oss, og vi kunne ikkje ha fått ein betre opplevelse enn dette. Alt klaffa. Det er lurt å gå denne turen i vekedagar, då det er færre folk i veggen enn i helgar. Fleire folk gjer nemleg større risiko for mellom anna steinsprang. Det var også litt snodig å ha mektig utsikt til Venjetindane, men nesten ikkje legge merke til det, fordi utsikta i alle retningar var heilt episk. Den vesle steinhytta på toppen er bygd av den lokale klatreren Arne Randers Heen. Han hadde Hornet som sitt “heimefjell” og besteig fjellet over 200 ganger. Idag kan vi sjå spor etter han på toppen der steinhytta og blomsterbedet hans er, og i Halls renne der gevær-løpet han fikk smidd om til rappellfeste fortsatt står og blir brukt den dag i dag


Rappellering


Turen ned att gjekk via rappeller omtrent samme vegen som opp. Dette er noko eg kvidde meg litt til, men som vart det kjekkaste på heile turen. Tusen takk til Alex Kudinoff og Tor Espen Fugelsøy i Bre og Fjell for ei oppleving som vil krible i kroppen livet ut!

"It's not the mountain we conquer but ourselves"


"It's not the mountain we conquer but ourselves"


Book meg!


Visste du at eg jobber fulltid som fotograf, forfatter, contentcreator og historieforteller? Sjekk ut nettsida mi ved å klikke på bildet for å sjå arbeidet mitt og kva eg kan tiby!