Drømmetur!

​Eg har drøymt om å gå til Skåla på ski så lenge at randonnéeskia mine nesten har rukke å gå av med pensjon. I over 12 år har eg sett opp mot den majestetiske toppen som ruvar 1843 meter over havet, og tenkt: «Ein dag...»​

Den dagen kom endeleg i november 2023. På impuls samla vi ein liten gjeng på fire, kasta oss i bilen og sette kursen mot det som vert kalla Noregs lengste motbakke. Med ski på beina og stjerner i augo, la vi i veg oppover, og fekk eit uforgløymeleg døgn saman på toppen. Men den historia får eg ta ein annan dag.​

For denne gongen, den 5. april 2025, var vi ikkje fire – vi var tretti! Tretti skiglade sjeler som saman tok fatt på den bratte stigninga, med latter, svette og høg puls. Det var som eit lite tog av entusiasme som snirkla seg oppover fjellsida.

Dei som liker å lide....

Det er tungt å gå 8 km i 30 graders helling, og det tek tid. Faktisk heile 6,5 time. Eg sleit heilt på krampegrensa dei siste 4 timane sjølv om eg både hadde sove godt, hatt treningsfri, var hydrert og så godt forberedt som eg kunne bli. Redninga vart ein pose chips, som eg etter ein krampefull tur på Storen alltid har med på krevjande turer. Og den vart delt med dei andre blidfisane, som også kunne meddele at dette var særdeles tungt. Men så har du oss som liker å lide da, så om du studerer bildene ser du ikkje ein einaste som syt! Trikset på lange turer er å ta gode pauser, drikke mykje væske som gjerne inneheld sukker (solbærsaft er gull) og få i seg noko salt. Spekeskinke på nista angrer du ikkje på! Svein, fra Lodgen Stryn, sørger også for at stemninga er på topp - han har nemleg med ein svær boomblaster i sekken, som kaster ut Sissel Kyrkjebøs "Se ilden lyse over jord". Umulig å ikkje bli glad!


Kviletriks!

Å vere fotograf på tur er ikkje akkurat oppskrifta på å få pauser, for hjerna mi leiter konstant etter fine motiv - og dei er det ikkje akkurat langt mellom på ein slik tur. Så trikset er å bruke eit kompaktkamera med automatiske innstillinger. Å fomle med lukker og blender på det 3 kilos store kameraet mitt, med folk som gjer deg eit millisekund på å fange augenblinken er bare å gløyme. Difor vart det eit Olympus Pen kompaktkamera med 14-42 mm zoom på denne turen. Eg er svært fornøyd med resultatet - sjølv om kvaliteten er noko lavare enn med Canon R6 mark 2, som eg bruker til dagleg.

På toppen!

​Etter ein slik tur er det vanskeleg å ikkje kjenne seg litt høg på livet – og kanskje litt på høgdemeter også.​

For kva meir kan ein be om enn 30 skiglade sjeler, strålande sol, vindstille på toppen, sablerte bobler med ski, og Svein som drar opp ein boomblaster frå sekken og startar musikkvideoinnspeling med Sissel Kyrkjebø som soundtrack? Det var som ein slags fjellfestival med innlagt motbakkeløp og nedkøyring som premie.​

Og akkurat då vi trudde det ikkje kunne bli betre, dukka sjølvaste Kjersti Kvamme opp ved snøgrensa med flagg og champis for å feire Mari sin 40-årsdag. Det var som å gå frå ein topptur til ein folkefest.​

Så ja – det er tungt å gå 1800 høgdemeter på ski. Det svir i låra, og du kjenner det i både kropp og sjel. Men når du står der oppe, omgitt av gode vener, latter, musikk og utsikt som tek pusten frå deg, så veit du at det var verdt kvart einaste steg.​


Skåla leverer – kvar gong. Og eg gler meg allereie til neste tur.

Pakkeliste og praktisk info om skitur til Skåla

Ski- og sikkerheitsutstyr

  • Randonee- eller fjellski med feller og skarejern
  • Skistavar, justerbare
  • Skredutstyr: sender/mottakar, søkestang og spade
  • Hjelm og skibriller
  • Kart, kompass og/eller GPS
  • Hovudlykt med ekstra batteri​

Bekledning

  • Ullundertøy (over- og underdel)
  • Isolerande mellomlag (t.d. fleece eller ullgenser)
  • Vindtett og vassavvisande ytterjakke og bukse
  • Lue, hals og vottar/hanskar (gjerne ekstra par)
  • Ekstra sokkar​

Anna utstyr

  • Dagstursekk (30–40 liter)
  • Mat og snacks for heile turen
  • Vassflaske og termos med varm drikke
  • Solbriller og solkrem (høg UV-faktor)
  • Førstehjelpsutstyr og sportstape
  • Sitteunderlag
  • Lakenpose eller sovepose (dersom overnatting i Skålatårnet)

Turbeskrivelse

  • Startpunkt: Parkeringsplassen ved Tjugen, ca. 1,5 km aust for Loen sentrum.
  • Rute: Følg traktorveg og sti opp Fossdalen, kryss elva ved ca. 650 moh., deretter bratt opp til Skålavatnet og vidare opp ryggen til toppen.
  • Høgdemeter: Ca. 1800 meter.
  • Tidsbruk: Om lag 6 timar opp og ned, avhengig av forhold og form.
  • Vanskegrad: Krevjande – for erfarne toppturgåarar.

Overnatting

På toppen ligg Skålatårnet, og Skålabu, ubetjente DNT-hytte med 14 + 22 soveplassar. Det er ikkje mogleg å førehandstinge plass, så det er "førstemann til mølla"-prinsippet som gjeld. Hyttene har dyner og puter, men du må ta med lakenpose eller sovepose. ​På Skålabu er det også proviantlager du kan kjøpe mat frå.

Vêr- og skredforhold

  • Vêrvarsel: Komande dagar er det meldt sol og temperaturar opp mot 15 °C på dagtid, men kaldare om natta.
  • Skredfare: Vurder skredfaren nøye før turen, spesielt i området rundt Skålavatnet og langs ryggen mot toppen.

⚠️ Viktige tips

  • Unngå turen i dårleg sikt eller uvêr – toppen har bratte stup og hengeskavlar.
  • Ta alltid med naudsynt sikkerheitsutstyr og ver sikker på at du kan bruke det.
  • Informer nokon om turplanen din og estimer tid for retur.
  • Vurder å gå med guide dersom du er usikker på ruteval eller forhold.