Fjell i særklasse!

Seks jenter, eitt mål – å nå toppen av legendariske Store Skagastølstind. I strålande septembersol fekk vi oppleve den spektakulære turen gjennom Skagadalen, via bratte sva og luftige ryggar, heilt til toppen av «Storen». Eit ekte eventyr i høgfjellet, med sterke meistringskjensler, mykje latter – og utsikt vi seint vil gløyme.

Morgonstilla gjennom Skagadalen – starten på eit stort eventyr


Turen starta tidleg – klokka var knapt passert seks då vi spente på oss sekkane ved Turtagrø, medan det første morgonlyset byrja å farge fjelltoppane varme. Lufta var klar og stille, og vi visste at vi hadde ein lang og krevjande dag framfor oss. Foran oss låg eit av Noregs mest ikoniske fjell – Store Skagastølstind, eller "Storen", som ho gjerne blir kalla.

Første del av turen gjekk innover Skagadalen, ein dramatisk dal med mørke, mektige fjell på kvar side. Terrenget er vilt, men stien er god – og vi kom raskt inn i ein god rytme. Etter ei stund kom vi fram til det vesle fjellvatnet som ligg som ein stille spegel i landskapet. Her låg fleire telt, og vi helsa stille på dei som så vidt hadde byrja å røre på seg – kanskje med same mål som oss.

Vidare gjekk det brattare opp mot Bandet, og landskapet vart meir alpint. Vi nærma oss breen, og då vi kom fram til brekanten tok vi ein god pause. Her er det tid for å hente fram utstyret: stegjern, isøks og klatresele. Stemninga var spent, men god – dette var augeblikket vi hadde sett fram til. Med taulaga på plass, var vi klare for neste kapittel i eventyret mot toppen.

Over breen og opp til Bandet – inn i hjartet av Hurrungane


Med utstyret på plass og sola som byrja å varme i nakken, kryssa vi breen i roleg tempo. Stegjernas knasande lyd mot isen vart det einaste som braut stilla – ein rytme som minna oss om kvar vi var og kva vi skulle. Rundt oss reiste spisse tindar seg som mørke silhuettar mot den blå himmelen – Austabotntind, Dyrhaugstindane og Midtre Skagastølstind danna ei ramme som tok pusten frå oss.

Breen var relativt snill denne dagen, utan opne sprekker, men vi heldt fokus. Med tau mellom oss og snøkrystallane glitrande under føtene, kjende vi ei blanding av ærefrykt og forventning. Dette var verkeleg høgfjellet – her ute er ein liten og naturen stor.

Etter breen venta ei bratt stigning opp ura til Bandet. Her var det berre å bite tenna saman og klatre jamnt og trutt oppover dei store steinblokkene. Då vi endeleg runda den siste kneika og såg den vesle hytta på Bandet, var det som å nå ei milepæl.

Hytta ligg vakkert til med spektakulær utsikt tilbake over Skagadalen og mot fjella vi hadde bak oss. Her tok vi oss tid til ei god pause, åt litt mat, drakk vatn og samla krefter. Det som venta no, var sjølve klatreetappen – den mest eksponerte og teknisk krevjande delen av turen. Vi visste at det verkelege eventyret enno låg framfor oss.

Luftige steg mot toppen – Heftyes renne og Vigdals sva


Frå hytta på Bandet byrja det verkelege klatreeventyret. Vi delte oss i to taulag, og valde kvar vår rute opp mot toppen: Heftyes renne og Vigdals sva – begge klassiske og populære vegar til Store Skagastølstind, men med ulik karakter.

Heftyes renne er den mest brukte ruta, oppkalla etter Johannes Heftye som var andre mann på toppen av Storen. Rennet byr på relativt god klippeklatring med moderat eksponering, og følgjer ei slags naturleg linje opp gjennom fjellet. Dette var vegen fire av jentene valde, med jamt tempo og sikre tak heile vegen.

Eg gjekk saman med ei anna gjennom Vigdals sva – ei noko meir luftig og eksponert rute som krev presise rørsler og godt klatrefokus. Her er det mindre hylleterreng og meir åpne flater, noko som gir ei kjensle av å «sveve» i fjellveggen medan ein jobbar seg oppover. Høgdemetrane forsvann raskt bak oss, og sjølv om nervane var påskrudd, var det samtidig ei fantastisk oppleving å kjenne på meistring og samspel i taulaget.

Uansett kva rute vi valde, møttest vi til slutt på same plass – den smale og luftige toppen av Store Skagastølstind. Her var det smil, jubel og ei utsikt som tok pusten frå oss alle. Frå Galdhøpiggen i aust til havet i vest – dette var verkeleg Noreg på sitt råaste.