Ein av dei finaste turane i Sunnfjord!

Kvamshesten, eller Storehesten, tronar 1209 meter over Bygstad innerst i Dalsfjorden – eit fjell som lokkar med sitt majestetiske nærvær og eventyrlege opplevingar året rundt. Dette fjellet, den høgaste toppen blant Kvamshestane, byr på noko for alle, anten du er ute etter eit krevjande randonne-eventyr, ein naturopplevelse til fots, eller ei roleg stund ved foten.

Turen opp


Følg skilt merka "Storehesten" frå Bygstad sentrum og opp lia. Du kjem etterkvart inn på ein grusveg, og følger denne i mange svinger oppover, heilt til du trur du har køyrd for langt. Då er du nesten framme. Det er stor og god parkeringsplass, men på solrike dagar kan det likevel fyllast opp - så ikkje køyr fleire bilar enn naudsynt opp. Frå parkeringsplassen går det ein godt merka og tilrettelagt sti til Skardavatnet (715 moh.) på platået bak toppen. Herifrå kan ein velje ein meir krevjande rute som går rett opp austegga til toppen, eller ein lengre og slakare rute som går vestover dalen bak fjellet og opp vestryggen til toppen. Den lengste ruta går i greitt terreng, med nokre korte, litt bratte parti på siste delen. Dei aller fleste som er vand med å gå i fjellet, vil ikkje møte problem på denne ruta, då her ikkje er typisk "luftige" parti.


Total tid: 7 timer (Berekne 4 timer opp og 3 timer ned)

Stigning: 1005 m

Km: 15

Skaraly

Dagsturhytta Skaraly ligg idyllisk til på veg opp mot Storehesten, er eit populært stopp for å ta ein pause og nyte utsikta. Hytta er del av det populære prosjektet med dagsturhytter i Vestland fylke, og er open for alle.

Inne i hytta finn du store vindauge slepp inn naturen og gjer det mogleg å ta inn dei spektakulære omgjevnadane, sjølv på dagar med litt ruskete ver.

Utanfor hytta har du flott utsikt over det dramatiske landskapet i Sunnfjord, med dalar og fjell som strekkjer seg så langt auga kan sjå. Skaraly er det perfekte staden for å ta ein pust i bakken, nyte medbrakt niste, og lade opp før siste etappen mot toppen – eller rett og slett avslutte turen her og ta turen ned att med eit smil om munnen og friske minner i bagasjen.


Birdbox

Viss du først tek turen til Bygstad, og du skal gå Storehesten - bør du også få med deg ei overnatting i Birdbox Storehesten! Denne hytta ligg ved foten av fjellet, på same grusvegen du køyrer på når du skal opp på parkeringa der fjellturen startar.


Birdbox er eit innovativt konsept innan glamping, der målet er å gi gjestane ei heilt spesiell naturoppleving. Desse små, luksuriøse hyttene er strategisk plasserte på spektakulære stader i naturen, der gjestar kan nyte stillheita og omgivelsane i fred. Birdbox-hyttene er utforma for å skape ein kjensle av einsemd med naturen, utan at du treng å gje avkall på komforten.


Kvar Birdbox har store vindauge som gjev panoramautsikt til det vakre landskapet utanfor, noko som lar gjestane få ei oppleving av å vere heilt omringa av naturen. Sjølv når du er inne, kjennest det som du er ein del av terrenget, med fjell, skog, eller hav nesten innan rekkevidde. Arkitekturen er moderne og minimalistisk, med enkle linjer og naturmateriale som harmoniserer med omgivnadane. Dette bidrar til å gi Birdbox-hyttene eit diskret uttrykk i naturen – dei glir rett inn i landskapet.

Innvendig finn du bekvemmelege fasilitetar, inkludert gode senger, oppvarming, og det du treng for å slappe av. Mange Birdboxar kjem òg med tekjøkken og bad, slik at du kan nyte eit sjølvstendig opphald midt i naturen, utan behov for å reise nokon stad. Konseptet handlar om å ta ein pause frå kvardagen, stresse ned og kjenne på roen som berre naturen kan gje.


Pris ca 2100-3000 kr per døgn avhengig av sesong.

Kan bookes her


Storehesten frå Djupedalen og Langeland


Rett ved Bringeland Flyplass i Førde har du majestetisk utsikt til Storehesten. Her finn du også Langeland Skisenter, med milevis med langrennsløyper og utsikt til Storehesten. Eg anbefalet turen rundt "Gjøset" der du virkelig kan nyte utsikta av dette vakre fjellet.

Sommerstid kan du følge bomveg opp til Djupedalen for ein flott joggetur, eller som her - fotografering med hesten i bakgrunnen.

Birdbox Langeland


Også Langeland har sin eigen Birdbox - med utsikt til Storehesten. Denne hytta var ein av dei første av sitt slag då ho vart sett opp for nokre år sidan, og eg har hatt gleda av å bu i henne nokre gonger. Her kan du virkelig sitte og fundere over livets mysterier eller nyte ein romantisk kveld med nokon du er glad i. Mitt Lille kjøkken lager mellom anna tapas på bestilling, som kan stå klar i hytta ved ankomst.


Denne hytta kan du bestille her

Fleire tips?


Liker du tipsa mine? Då bør du skaffe deg boka "Aktiv Fritid i Norge" som er spekka med liknande tips til aktivitet og overnatting i Norge!


Den kan kjøpast i alle bokhandlere i Norge, eller med helsing i nettbutikken min her